Puslebrikker blir til ord

Puslespillbrikke i sirkelDette er ein førlesingsaktivitet for dei yngste barna der merksemda er retta mot ord som barna skal møte i ein tekst. Eleven kan tidlegare ha møtt orda i munnleg form i ein naturleg kontekst, gjennom til dømes songar eller leikar, men no er målet at lydbileta og ordbileta skal knytast saman. På dette nivået arbeider ein oftast med konkret. Teikn eller klipp ut små bilete av til dømes dyr og lim dei på kvar sin kartongbit. Klipp så kvar kartongbit i to med puslebitfasong. Legg brikkene i ein liten haug på gruppeborda, og la barna pusle delane saman – kva for eit hovud høyrer saman med kva for nokre føter, osv. Så kjem orda, som òg er på små brikker, og elevane skal finne rett ord til rett bilete. Ordbilete og illustrasjon vil forsterke innlæringa og forståinga av ordet, og fleire læringsstilar blir involverte.

Førebuingar

Lærarførebuinga er å lage brikkene, noko som krev ei viss tid – men resultatet er ei øving som elevane kan bruke om og om igjen. Det kan vere ein god idé å laminere brikkene.

Publisert 14. sep. 2020 14:10 - Sist endret 12. okt. 2020 13:20