Ordsky

ordsky med ord på engelskDenne førlesingsaktiviteten rettar merksemda mot sentrale ord som elevane vil møte i ein hittil ukjend tekst. Orda blir presenterte samla i ei ordsky, slik at tematikken i teksten blir synleggjord.

Ordskya kan til dømes brukast slik: A) Elevane arbeider i par med ordskya og diskuterer kva dei trur teksten handlar om. Etter ei stund kan to og to par gå saman for å diskutere vidare. Para kan gjerne ha ulike ordskyer, noko som kanskje vil gjere samtalen meir interessant. Læraren oppsummerer og aktiviserer dei språklege kunnskapane til elevane, til dømes korleis prefiks, suffiks, transparens o.l. kan hjelpe oss til å komme fram til kva eit ord betyr. Det at orda blir presenterte samla knytte til eit tema, kan bidra til å gi elevane eit meir heilskapleg bilete av innhaldet i teksten. B) Klassen blir delt i to grupper. Den eine gruppa får i oppgåve å lese gjennom den nye teksten og prøve å forstå hovudinnhaldet i han. Tilhøyrande bilete, overskrifter, ordlister o.l. kan vere til hjelp. Den andre halvdelen av klassen får ordskya utlevert og studerer orda for å gjere seg opp ei meining om kva dei trur teksten handlar om. Så blir elevane delte inn i par, og elevane med ordskya fortel partnaren kva hypotesen hans/hennar er, mens elevane med originalteksten supplerer og korrigerer.

Dei kan òg dele opp teksten og lage ulike ordskyer til dei forskjellige delane for å avgrense oppdraget noko. Når læraren skal lage ordskya, kan han/ho bruke programmet Wordle. Dette programmet genererer ei ordsky der dei mest frekvente orda i teksten blir dei mest synlege i skya. Denne framgangsmåten sikrar ikkje nødvendigvis fokus på innhaldsorda, som elevane gjerne må forstå for å få fullt leseutbyte. Men læraren kan velje funksjonen "advanced" for å skrive inn og setje frekvens på eigenvalde ord for å sikre at dei blir godt synlege i skya.

Fordelen med å presentere orda i ei ordsky er at skya gir eit tydeleg visuelt uttrykk. Det kan vere ei støtte for mange elevar.

Førebuingar

Lærarførebuinga går ut på å velje sentrale innhaldsord frå teksten og lage ei ordsky (eller fleire) ved hjelp av programmet Wordle (wordle.net)

Publisert 14. sep. 2020 14:09 - Sist endret 12. okt. 2020 13:20