Litterær lanseringsfest

Settingen for denne førlesingsaktiviteten er eit fancy "releaseparty" for ein bokdebutant. Ulikt meir tradisjonelle lanseringsfestar er ikkje innhaldet i glasa flytande, men av meir ”åndeleg” art. I kvart av stettglasa finn ein nemleg ein papirstrimmel med ei setning frå ein litterær tekst.

For å gi elevane dei rette assosiasjonane og setje dei i feststemning blir dei presenterte for eit langbord med duk og pent oppstilte stettglas. Elevane blir så bedde om å forsyne seg med kvart sitt glas frå det festpynta bordet, men får beskjed om ikkje å tjuvtitte på lappen før læraren gir klarsignal.

Namnet på forfattaren eller tittelen på boka er ikkje relevant for aktiviteten. Men det er til gjengjeld det sosiale! Ingen kjenner kvarandre frå før, og det er derfor naturleg å ta ein runde og presentere seg. Ein skal altså sirkulere og prate med flest mogleg av gjestene – her er det om å gjere å ”sjå og bli sett”! Men det er stilt eitt ufråvikeleg krav før ein kan gå vidare til nestemann: Ein må flette setninga på lappen i glaset inn i samtalen.

Jo fleire elevane rekk å få snakka med, desto fleire smakebitar frå teksten får dei. Og den attkjenninga dei så opplever når dei etterpå les heile teksten, kan verke positivt inn på leseforståinga.

Førebuingar

  • Still saman fleire småbord (pultar) til eit langbord og dekk på med like mange stettglass som det er elevar i gruppa (legg gjerne på ein duk og pynt bordet som til ein fest).
  • Finn setningar frå teksten, skriv dei ned på lappar og legg éin lapp i kvart glas.

Ressursar

  • Eksempel på setninger (pdf) til bruk i stettglassene fra bildeboka The True Story of the Three Little Pigs av Jon Scieszka, illustrert av Lane Smith. Viking Juvenile. New York (1989)
  • Boka finnes også med spansk tekst: ¡La verdadera historia de los tres cerditos! Live Oak Media. New York (1997)
  • Bearbeidet ENGELSK TEKSTVERSJON av boka kan lastes ned (uten billedmateriale)
Publisert 14. sep. 2020 14:07 - Sist endret 12. okt. 2020 14:17