Guide til leseforventninger

Dette er ein førlesingsaktivitet der elevane skal ta stilling til ulike påstandar. Alle påstandane bør ha ei tematisk tilknyting til teksten elevane skal lese etterpå. Målet med aktiviteten er med andre ord å aktivisere forkunnskapane til elevane. Aller mest effektfullt er det å be elevane VISE kva haldning/meining dei har. Læraren lagar fire plakatar med påskriftene einig, veldig einig, ueinig og veldig ueinig og hengjer opp éin plakat i kvart hjørne av rommet.

Etter kvart som læraren les opp påstandane, skal elevane stille seg ved den plakaten som best stemmer overeins med deira eiga overtyding. Elevane vil slik bevege seg rundt i rommet avhengig av kva dei meiner. Det er ikkje meininga at dei skal argumentere for standpunkta sine, dei skal berre ta stilling til om dei er einige eller ueinige, og i kva grad. I staden for å lage plakatar kan aktiviteten gjennomførast ved at elevane markerer grad av semje langs ein skala på eit ark.

Denne førlesingsaktiviteten gir elevane ein forsmak på innhaldet i teksten, samtidig som han skaper engasjement rundt eitt eller fleire tema i teksten. Tematikken kan spenne frå globale til nasjonale eller lokale spørsmål (miljø, kollektivtransport, vald, openheit, fordeling av gode, sport o.a.).

Førebuingar

  • Læraren må velje ein eigna tekst

  • Læraren må lage plakatane og guiden som skal gi elevane leseforventingar

  • Læraren må lage og henge opp fire plakatar: 1 ENIG - 2 VELDIG ENIG - 3 UENIG - 4 VELDIG UENIG (på målspråket)

Ressursar

Publisert 14. sep. 2020 14:06 - Sist endret 12. okt. 2020 13:15