Biletstøtta førlesing med påfølgjande spørsmålsrunde

I begynnaropplæringa i engelsk og framandspråk kan lesing av tekstar på målspråket by på store utfordringar. Denne leseaktiviteten legg derfor opp til å innvie elevane i store delar av meiningsinnhaldet i teksten før sjølve lesinga – og det ved å spele på fleire sansar.

Forteljande tekstar med ein noko overraskande slutt passar best. Ein bør ikkje avsløre heile historia på førehand, for førlesingsaktiviteten skal avsluttast med ein spørsmålsrunde der elevane formulerer ja/nei-spørsmål til læraren om slutten på historia.

Ved å presentere ein forenkla, munnleg versjon av teksten på målspråket, understøtta og tydeleggjord med gestar og mimikk, illustrerande bilete og sentrale stikkord, leier læraren elevane gjennom handlingsforløpet i teksten. For å bevare noko spenning til eigenlesinga stoppar læraren presentasjonen før slutten blir avslørt.

Før elevane les heile teksten, skal dei arbeide med det læraren har presentert for dei. Med utgangspunkt i korleis dei trur historia endar, skal dei formulere ja/nei-spørsmål på målspråket til læraren. Det er ikkje avgjerande om elevane klarer å resonnere seg fram til eller gjette riktig slutt. Det viktigaste er at denne spørsmålsrunden bidreg til at elevane blir ytterlegare motiverte for sjølve lesinga. Alt etter språknivået til elevane blir denne delen gjennomført med eller utan førebuingstid.

Elevane les så heile teksten for å sjå korleis det går til slutt, og for å få ei djupare forståing.

Ressursar

Skole i praksis: Lesing med rollekort (infoark og film: sekvens 00.00-07.44)

Publisert 14. sep. 2020 13:56 - Sist endret 12. okt. 2020 13:13