Å vurdere sannsylegheita

Denne aktiviteten gir innføring i eit emne og aktiverer forkunnskapane elevane har om tema i ein tekst. Tilnærminga til emnet skal formulerast som ei problemstilling/eit spørsmål, og elevane blir presenterte for ulike utsegner/påstandar som kan knytast til tematikken i teksten dei skal lese.

La oss seie at elevane skal lese ein tekst om marknadsføring. Då kan ein til dømes nærme seg tematikken i teksten ved å gi dei ulike utsegner som gjeld forholdet mellom kjøpekraft og kjøpepress. Problemstilling/spørsmål: Kjem Siri til å kjøpe olabuksene til 1200 kroner?

  • Eksempel på påstandar/utsegn:
  • Ho er 15 år
  • Ho er eldst i ein søskenflokk på fire
  • Ho får dårleg service i butikken når ho prøver buksa
  • Begge foreldra er høgt utdanna
  • Ho har ein mindre vaskejobb på tannlegekontoret til faren (laurdagar)
  • Ein forbrukartest viste nyleg at buksene er av dårleg kvalitet
  • Ho får 400 kroner i månaden i lommepengar
  • Olabukser er favorittplagget hennar
  • Ho har bursdag om to månader
  • Bestevenninna har dei same buksene
  • Ho spaer til ein Mac
  • Ho er ikkje av den impulsive typen
  • Det har vore ein massiv reklamekampanje for denne buksemodellen den siste tida
  • Salssesongen startar om tre månader
  • Ho har ingen nadre bukser i den prisklassen
  • Lommepengar og lønn går helst med til sosiale ting

Førebuingar

Dann grupper med tre til fem elevar i kvar. Gruppene får utdelt ein konvolutt med spørsmålet og eit sett tilhøyrande utsegner – alt saman på ein eller annan måte relatert til teksten elevane skal lese. Elevane skal gruppevis sortere utsegnene som dei meiner taler for eller mot problemstillinga, i tillegg til at dei internt i gruppa må bli einige om kva dei vurderer som det mest sannsynlege utfallet ut frå dei opplysningane dei har fått. Svaret på spørsmålet skal ikkje vere ei rein oppteljing av påstandane i ”for og mot-bunkar”, påstandane kan vektast ulikt, og elevane må vurdere om det er nokon som veg tyngre enn andre. Oppgåva har heller ikkje noko fasitsvar i form av ein moralsk ”dom”; det viktige er å komme fram til ei felles grunngitt sannsynlegheitsvurdering med omsyn til utgangsspørsmålet. No er elevane klare til å lese sjølve teksten!

Utsegnene/påstandane kan òg trene elevane i å ta stilling til og argumentere på målspråket for og mot ei sak og eksponerer dei for vokabular og språkstrukturar. Det vil elevane kunne dra nytte av i ein seinare skriftleg produksjon.

Publisert 14. sep. 2020 14:14 - Sist endret 12. okt. 2020 13:10