Leselogg

Ein leselogg kan ha nærmast kva som helst slags form – alt frå å vere eit slags refleksjonsnotat undervegs i lesinga av lengre tekstar til å utgjere ein ”leserekneskap”, det vil seie ei stadig oppdatert oversikt over alle tekstane som er lesne (både stort og smått). I framandspråkopplæringa er det på begynnarnivå ofte ikkje dei mest omfattande tekstane ein arbeider med, og ein leselogg kan bidra til å gjere eleven bevisst på kva og kor mykje ho/han har lese. (Ein har ofte lese meir enn ein trur!) Slik blir òg lesekvantiteten (mengdelesinga) synleggjort og verdsett, ikkje berre lesekvaliteten (leseforståing o.a.).

Ein logg kan vere meir eller mindre styrt, til dømes som skriverammer for utfylling eller opnare og friare loggar. Han kan vere fagleg retta (innehalde analysespørsmål om verkemiddel, synsvinkel, persongalleri, miljø og tema) eller gi rom for å uttrykkje eigne meiningar og opplevingar. Dersom loggføringa er styrt, må læraren i forkant tenkje ut refleksjonspunkt og velje form.

Føring av faglege leseloggar eignar seg ypparleg på nett, til dømes i ein blogg (klasseblogg eller individuell blogg). På denne måten kan ein ta del i kvarandre sine refleksjonar rundt tekstar.

Publisert 14. sep. 2020 14:44 - Sist endret 12. okt. 2020 07:45