Venner i eit tyskspråkleg land

Elevane utvekslar brev (over post eller elektronisk) med ei vennskapsklasse i eit tyskspråkleg land. (7. trinn - progresjonsmodellen)

Undervisningsopplegg

  • Trinn: 1.-2.trinn
  • Tema: Elevane utveksler brev
  • Tid: Gjerne gjennom heile 7. trinn

Kompetansemål

Kommunikasjon

  • helse, takke og presentere seg
  • forstå og bruke dei mest vanlege høflegheitsuttrykka
  • stille enkle spørsmål og svare på enkle spørsmål
  • forstå og bruke ein del vanlege ord og uttrykk knytt til dagligliv, fritid og eigne interesser
  • lese og forstå hovudinnhaldet i tekster om kjende emne
  • skrive korte beskjedar og setningar som beskriv, fortel og spør

Kulturmøte

  • samtale om eigne kulturelle og interkulturelle erfaringar
  • utforske nokre sider ved kvardagsliv, tradisjonar og skikkar i eitt eller fleire land eller kulturar
  • oppleve og ta del i målspråkområdet sin kultur gjennom bruk av tekst, bilete, film eller musikk
  • bruke digitale verktøy til samarbeid og møte med autentisk språk

Læringsmål 

  • møte og forstå autentisk språk
  • skrive brev til jamnaldrande morsmålstalarar om seg sjølv og kvardagslege tema
  • få eit innblikk i den tyskspråklege kulturen
  • få eit innblikk i skulekvardag og skulesystem hos jamnaldrande i Tyskland 

Førebuingar

Lærar

Det finst forskjellige måtar å kome i kontakt med ei vennskapsklasse på. Klikk her for tips til ulike framgangsmåtar. Desse blei opphavleg skrive for valfaget “Internasjonalt samarbeid” på ungdomstrinnet, men kan like godt nyttast for prosjekt på barnetrinnet.

Plan for opplegget

  1. Når klassa har fått ei vennskapsklasse ein stad i Tyskland, samlar dei litt informasjon om byen/området på Internett, bibliotek, i leksikon, brosjyrar og liknande for å skape seg eit første inntrykk.
  2. Lærar og elevar samtalar litt om elevane sine funn. Til dømes: Kva synest dei er spennande eller interessant? Kva vil dei gjerne vite meir om?
  3. Kvar av lærarane set i gang arbeidet med eit første brev til motparten. Brevet skal være todelt: A) nokre spørsmål til vennskapsklassa som lærar og elevar lagar i fellesskap B) eit informasjonsark for kvar elev der dei kort presenterer seg sjølv, såkalla Steckbriefe. Desse skal heile vennskapsklassa lese. Elevane i begge klassene passar på å inkludere nokre faste punkt, til dømes hobbyar, livrett/favorittfag/musikksmak og så vidare. Elevane vel om dei vil sette inn eit bilete eller ei teikning av seg sjølv. Lærer sender brevet som vedlegg på e-post eller via vanleg post.
  4. Når ein får partnarklassa sine Steckbriefe, skal alle elevar lese kvart av dei. Elevane lagar så ein statistikk over, til dømes, kva for hobbyar, yndlingsfag og yndlingsmat elevane i partnarklassa har. (Lærer tek avgjerd korleis dette skal organiserast)
  5. Når elevane har gjort ferdig statistikkane sine, samtalar elevar og lærar om funna. Synest elevane interessene til dei tyske jamnaldrande er ganske like eller litt forskjellige? Er bustaden og kvardagslivet ganske likt frå deira eige, eller er det forskjellig? Kanskje blir elevane overraska over kor lik smak dei har i, til dømes, musikk, film, mat eller liknande?
  6. Etter at dei norske elevane har jobba med partnarklassa sine Steckbriefe, har dei skaffa seg eit godt oversyn over elevane i klassa. Dei vel seg no kvar sin brevvenn, og dei skriv til vedkommande med utgangspunkt i arbeidet i punkt 2, 4 og 5. (Dersom talet på elevar i kvar

Kommentarar

Gjennom ny kunnskap om skulesystemet i eit anna land blir elevane meir bevisste på eigen skulekvardag. Ikkje mange sjuandeklassingar tenkjer over kvifor dei går sju år på barneskulen, kvifor dei får karakterar først i 8. klasse eller kvifor dei har dei faga dei har. I tillegg til å gjere elevane meir bevisste på sin eigen kvardag i Noreg, får dei òg utvida kjennskapen sin til situasjonen til unge i andre land.

Etter at prosjektet er avslutta og det siste fellesbrevet har blitt sendt, kan dei elevane som ønskjer det bevare kontakten med brevvennen sin på eiga hand.

Publisert 27. feb. 2020 15:24 - Sist endret 27. feb. 2020 15:24