I vurdering av søknadene ser vi på relevansen for ELLA-programmet og for eitt eller fleire av temaområda i ELLA. Vi ønsker ein balanse mellom breidde og moglegheiter for å styrke og vidareutvikle pågåande arbeid. Vi har som mål å styrke forskingsmiljøet på HiØ og oppmuntrar derfor spesielt til samhandling. Prosjekt som fører fram mot større søknader om eksterne middel, vil bli prioritert. Publikasjonsstøtte blir berre gitt til vitskaplege publikasjonar.
ELLAs vitskaplege leiing vurderer kvaliteten på alle søknader ut frå desse kriteria:
- relevans for ELLA-programmets tematikk
- originalitet og kor robust prosjektet framstår
- betydning for forskingsmiljøet på HiØ
- betydning for samfunnet generelt
- kor presise/detaljerte planane for gjennomføring og organisering av prosjektet er
- kor omfattande planane om publikasjonar og eksterne søknader er
- budsjett:
- Bruken av prosjektmiddel skal framstå som effektiv og formålstenleg, og tidsplanen for bruk av middel skal vere realistisk
- Prosjektmidla skal framstå som nødvendige for å oppnå resultatet
Avgjerder om fordeling av middel blir tatt av den vitskaplege leiinga i ELLA (medlemma av leiinga vurderer ikkje søknader dei sjølve er involverte i) og kunngjort via e-post. Prosjekt som får støtte blir tildelt ein kontaktperson i ELLAs leiing som har ansvar for å følge opp prosjektarbeidet.
Prosjekter og tiltak med støtte fra ELLA:
Prosjekt/tiltak | Søker | År |
---|---|---|
Digitale praksiser i morsmålsfaget. Ph.d.-kurs. | Jessica Hansen | 2023 |
Of Ruin and Regeneration. Narratives of Hope and Despair. Antologi. | Forskergruppa Litteratur og narrativitet | 2023 |
"Mer glede med grammatikk". Lanseringsseminar for 1. bind av ELLA-tidsskriftet. | Forskergruppa Lingvistikk i bruk | 2023 |
Tilnærminger til språk i barnehagelivet. Antologi. | Bente Ulla/Ann Sofi Larsen | 2023 |
Reading and studying narratives of trauma, crisis and illness. Symposium. | Natalia Igl | 2023 |
Language, Communication and Mental Health in Neurodevelopmental Conditions | Tamara Kalandadze | 2023 |
Klasse(reise) og samtidslitteratur | Eva Björk/Jutta Eschenbach | 2023 |
Afro-europeiske og postmigrantiske perspektiver i samtidslitteraturen | Natalie Igl/Elin Nesje Vestli | 2023 |
Tekst, teori og terminologi på tvers av språk: Oversettelse, resepsjon og formidling av Maurice Merleau-Ponty i Norden | Anje Müller Gjesdal | 2023 |
Historiefortelling på tvers av kulturer | Gunhild B.Bjørnstad/ Ragnhild Næsje | 2023 |
Konferansestøtte: Svenskt nätverk för översättningsvetenskap | Marcus Axelsson | 2023 |
Language, Communication and Mental Health in Neurodevelopmental Conditions: Camouflaging in ADHD | Tamara Kalandadze | 2023 |