Program:
Måndag 19. juni.
10.00-12.00: Innføring i Praat (bruk og mulegheiter)
12.00-13.00: Lunsj
13.00-15.00: Innføring i Praat (med særleg vekt på tolking av data)
Tysdag 20. juni.
10.00-12.00: Utprøving av Praat (eige arbeid med data)
12.00-13.00: Lunsj
13.00-15.00: Opne foredrag
David Natvig: Fonetisk variasjon og endring i norsk som arvespråk i Amerika
Arnstein Hjelde: Fonetiske endringar i ein minnesotanorsk dialekt mellom 1980-talet og 2010-talet – ei impresjonistisk tilnærming
Onsdag 21.juni
10.00-12.00: Vidare utprøving av Praat (mulegheiter og avgrensingar)
12.00-13.00: Lunsj
SLUTT
Seminaret er ope for alle, inviter gjerne inn masterstudentar!
Påmeldingsfrist: 15. juni (send e-post til: arnstein.hjelde@hiof.no)
Om David Natvig:
David Natvig er førsteamanuensis i Nordisk språk ved Universitetet i Stavanger. Han tok doktorgraden sin i Nordisk språkvitskap ved Universitetet i Wisconsin–Madison, og forskar på nordiske språk, særskilt norsk, både i Europa og i USA. Med utgangspunkt i formell teori, kontaktlingvistikk og sosiolingvistikk undersøkjer han korleis fonologiske og morfologiske formar er strukturerte i språk, korleis dei varierer sosialt og kontekstuelt og korleis dei endrar seg over tid.