Forskningsetisk kafè - februar 2024

Denne gangen skal forskningsetisk kafé arrangeres i Halden! Det er fortsatt høgskolens forskningsetiske råd (FER) som arrangerer og denne gangen er det Linda Evenstad Emilsen og Åshild Søfteland (Institutt for språk, litteratur og kultur) som bidrar med forskningsetiske refleksjoner rundt arbeidet med prosjektet ALAN - Adult acquisition of Norwegian as a Second Language.

I NFR-prosjektet ALAN – Adult acquisition of Norwegian as a Second Language samlar vi inn data frå vaksne innlærarar av norsk gjennom det første året dei går på norskkurs (fire målepunkt, der første målepunkt er allereie ca. 8 veker etter at dei har starta på norskkurs). I prosjektet undersøker vi det munnlege språket; korleis det veks fram hos innlærarane gjennom dette første året. Det som er særskilt for gruppa vi undersøker, er at dei har mindre enn ti års skulegang før dei kom til Noreg (og før dei starta på norskkurs). Det inneber blant anna at mange av informantane våre har ingen eller begrensa lese- og skriveferdigheiter, og at dei kan vere ukjende med arbeidsmåtar som typisk er brukt i skulen eller saknar andre skulerelaterte referansar. Dette får konsekvensar for både innhenting av samtykke, val og utforming av metodar og oppgåveinstruksar, og generelt korleis vi som forskarar opptrer og utformar prosjektet.

Ei av problemstillingane vi vil drøfte i innlegget vårt på forskingsetisk kafé, er korleis vi har jobba for å sikre at deltakarane gir eit informert samtykke til å delta i prosjektet. Dette er særleg gjeldande sidan fleire av informantane vil ha lite grunnlag for å forstå kva dei seier ja til, inkludert å vite kva vi meiner med forsking i norsk samanheng og kva det vil seie at deltaking er frivillig.

Eit anna stort tema i ALAN-prosjektet er moglegheita for å utvikle eit korpus basert på prosjektmaterialet. I vår samanheng forstår vi korpus som ei tilgjengeleggjort samling av munnlege data i prosjektet, som vi har dokumentert både på lyd- og video. I søknaden til NFR om prosjektfinansiering hadde vi lagt inn at vi skulle lage eit korpus med både lyd og video i tillegg til transkripsjonar av talen, som skulle gjerast tilgjengeleg for andre forskarar. Arbeidet med datainnsamling og samtykkeinnhenting har derimot fått oss til å revurdere denne opphavlege planen, for vi ser det ikkje som forskingsetisk forsvarleg. Dette vil vi drøfte inngåande i innlegget.

Eit tredje sentralt forskingsetisk aspekt i vårt prosjekt er korleis vi faktisk kan sikre at vi dokumenterer kva informantane kan, altså kva kompetanse dei faktisk har i norsk. Med etablerte metodar i feltet, utvikla for innlærarar med meir utdanning, vil det vere stor fare for å heller fange kva våre informantar ikkje kan. Metodar og prosedyrar som mest får fram kva dei ikkje kan, kan også gjere at informantane opplever datainnsamling og deltaking i prosjektet som ubehageleg; at dei kjenner på utilstrekkelegheit og liknande følelsar. Ei nærliggande side her er også korleis vi kan sikre at informantane forstår oppgåvene; kva dei skal gjere og kva vi forventar av dei. Desse problemstillingane har gjort at vi har brukt mykje ressursar på å utvikle metodar og oppgåveinstruksar.

For dei som ønsker å førebu seg spesielt til vårt innlegg, kan vi tipse om artikkelen «Å forske på språkutviklinga hos innlærere med begrensa skolebakgrunn – metodiske valg og problemstillinger» (Nordand – Nordisk tidsskrift for andrespråksforskning), som vi har skrive saman med Ann-Kristin Gujord (UiB), der blant anna fleire av dei etiske spørsmåla vi vil drøfte i innlegget på forskingsetisk kafé, står sentralt.

Gujord, A. K. H., Søfteland, Å. & Emilsen, L. E. (2023). Å forske på språkutviklinga hos innlærere med begrensa skolebakgrunn – metodiske valg og problemstillinger. Nordand, 18(2), 125-139.

 

Tid og sted: 14. februar 2024, kl 11:30-12:30, Biblioteket, Campus Halden.

Frist for påmelding er fredag den 9. februar 2024.

Meld deg på her: https://nettskjema.no/a/399912

 

Minner om at dette er ment som uformelle møteplasser hvor det vil bli diskutert forskningsetiske temaer med likesinnede fra flere fagfelt. Her kan du melde inn forskningsetiske temaer eller konkrete forskningsetiske spørsmål fra egen forskningsaktivitet som du ønsker diskutert (ta kontakt med marit.hilsen@hiof.no). Det blir en kafé hver måned så her er det bare å melde seg på! Det vil alltid være et medlem av FER tilstede, og servering av kaffe & "noe attåt".

 

 

 

Publisert 5. feb. 2024 08:42 - Sist endret 5. feb. 2024 08:42