Publisert
6. okt. 2011 09:08
- Regjeringa varsla eit stramt og nøkternt budsjett, og budsjettforslaget for 2012 representerer ikkje noko løft for høgre utdanning, seier rektor Elin Nesje Vestli. Budsjettet er ei vidareføring av status quo og gir ikkje rom for ny aktivitet.
Forslaget til statsbudsjett inneber ei samla auke i høgskulen sitt budsjett på 5,1 prosent. Dette er ein realvekst på 2 prosent, som er eit resultat av vidareføring av dei nye studieplassane høgskulen fekk i 2009 og 2011. Totalbevilgninga har dermed gått opp frå 447,7 millionar til 470,7 i forslaget for 2012.