Helse er tema for Forskingsdagene 2024

Forskingsdagane feirar i år 30 år, og jubileet blir markert med temaet HELSE som engasjerer alle. Dette gir oss ei unik moglegheit til å vise fram forskinga vår, samtidig som Høgskulen i Østfold feirar sitt eige 30-årsjubileum. Det blir ein super kombinasjon for markeringa.

Forskingsdagane er ein landsdekkjande forskingsfestival med store og små arrangement over heile landet kvar haust.

Forskingsdagane 2024 er 18.–29. september.

Målet er å formidle forsking til folk flest.

Høgskolen i Østfold set kvart år opp eit eige program under Forskingsdagane.

Dette var programmet for Forskingsdagane 2023

Årets program ved høgskulen er under arbeid.

Tema Helse

Helse angår oss menneske fysisk og psykisk, men også dyrehelse og helse i hav og natur er aktuelle forskingsfelt å formidle frå under Forskingsdagane. Fleire av FNs berekraftsmål handlar nettopp om helse, tilgang til mat og reint vatn, i tillegg til omsyn til livet på land og i havet.

Som tidlegare år oppmodar Forskningsrådet arrangørinstitusjonane til å tenkje nytt og breitt omkring årets tema. Helse kan vere så mykje meir enn det vi kanskje tenkjer på heilt omgåande, som tema innanfor samfunnsvitskap og humaniora.  

Gyllen høve til å vise fram forsking

Forskingsdagane er eit fint høve til å vise fram for omverda noko av det som går føre seg av spennande forsking ved Høgskolen i Østfold.

Har du, forskargruppa di eller fagavdelinga di planar i denne perioden eller ønskjer om å gjere noko under Forskingsdagane i år?

Seksjon for kommunikasjon bidreg med marknadsføring og nyheitsomtalar av arrangementa, og dessutan innsal til media i samband med tilsette, forskargrupper og avdelingane sine eigne initiativ.

Vi utarbeider også eit samla program på nett, og har regien på eit par utvalde arrangement. Mer info kommer. 

Har du spørsmål kan du kontakte: 

Ann-Kristin Johansen eller Nina Fredheim ved Seksjon kommunikasjon.

Fakta om Forskingsdagane

  • Arrangeres for 30. gong
  • Nasjonal festival
  • Over 100.000 publikummarar på fysiske og digitale arrangement i 2024
  • Årets tema er helse
  • Dei aller fleste arrangementa er gratis og opne for alle
  • Universiteter, høgskular, forskingsinstitutt, bedrifter, museum og bibliotek står bak arrangementa
  • Festivalen er under leiing av Forskingsrådet
  • Årlig, tverrfagleg festival som skal skape begeistring og forståing for forsking
  • Forskingsdagane gir smakebitar og små glimt inn til det som skjer av forsking i Noreg
  • Forskingsdagane sørgjer for møte mellom folk og forskarar, og viser fram forsking til alle
Av Nina Fredheim
Publisert 8. apr. 2024 13:11 - Sist endret 8. apr. 2024 14:30