English version of this page

Kjeldevurdering

...er å vurdere kvaliteten på informasjonen du har funne, i forhold til behovet ditt, uavhengig av medium. Kritisk vurdering.

Kvalitativ vurdering av kjelda:

  • Kven er det skrive for?
  • Kva sjanger er det?
  • Kva er formålet i teksten?
  • Er det fakta eller meiningsytringar?
  • Er teksten objektiv?
  • Er informasjonen omfattande og balansert?
  • Finst det ein interessekonflikt?

Kjeldene i teksten

Forfattar

  • Kven har skrive dokumentet?
  • Kva kvalifikasjonar har forfattaren? Er han/ho anerkjent som kunnskapsrik på området? Er han/ho tilknytta ein institusjon?
  • Gjer eit søk for å finna meir informasjon om forfattaren og kva han/ho har skrive.

Utgivar

  • Kven har utgitt dokumentet?
  • Er det ein anerkjent utgivar?
  • Kva pleier denne utgivaren å utgi? Spesielle tema/fag?
  • Gjer eit søk for å finna ut informasjon om utgivaren/forlaget og kva anna det har utgitt.

Publiseringstidspunkt

  • Når er det skrive?
  • Har det komme ei ny utgåve? 
  • Er materialet oppdatert?

Det er òg lurt å undersøka om det er ein primær- eller ein sekundærkilde.
Primærkilder er originale verk med orda og ideane til forfattaren, medan sekundærkilder er attgjeving eller tolking av primærkilder.

Kven som helst kan publisera noko på nettet, så vêr ekstra kritisk når du vurderer nettkjelder.

Her kan du lesa meir:

Generelt

Artiklar og videoar om Falske nyheiter, Filterboble, Faktasjekking, Infodemi og Tverrlesing.  

Bilde av teksten: Who's behind the information?

 

 

Bildesjekking

Referansar:

Søk & skriv (2009). URL: http://sokogskriv.no/ (Lesedato: 11.06.2012)
VIKO (2009). URL: http://www.ntnu.no/viko/ (Lesedato: 06.07.2009)

Publisert 25. sep. 2019 14:21 - Sist endret 1. mars 2023 14:53