Du må referera fordi:
- Den som les skal sjå kva du har brukt som kjelder i teksten din, frå kven du har henta informasjonen og der lesaren kan finna igjen denne informasjonen.
- Du skal gi kreditt til den/dei som eig teksten du brukar i oppgåva di (kjelda).
- Det skal vera mogleg å kontrollera fakta og etterprøva det du har skrive, slik at det du har skrive kan kritiserast.
- referansane gir moglegheit for fagleg dialog, basert på kunnskap frå kjeldene.
- du unngår plagiering og fusk. Les meir om førebygging av plagiering og fusk.
Referansane:
- gir grunnlag for erfaringsoverføring, diskusjon og kritikk.
- gjenspeglar omfanget av arbeidet.
- viser din redelighet i bruk av andres arbeidar.
- er derfor med på å legga grunnlaget for vurderinga av oppgåva di. (Søk & Skriv 2010)
- relaterer systematisk teksten din til kva andre forskarar har gjort før. Bygga vidare på eksisterande kunnskap.
- er ein viktig del av eit akademisk forfattarskap og metode
- forankring i tidlegare forsking
- god vitskapleg åtferd
- identifikasjon, retorikk og forskingsetikk. (Erikson, 2010, s. 18-27)
Referanseliste
Erikson, M. G. (2010). Riktig kildebruk : Kunsten å referere og sitere. Oslo: Gyldendal akademisk.
Hvorfor referere? (2017). Søk og skriv. Hentet fra http://sokogskriv.no/kildebruk-og-referanser/sitering-og-etikk/