English version of this page

Kva skal refererast?

Kva kjelder skal vi ta med i ei referanselista?

  • "Vi refererer til dei kjeldene vi sjølv har lese, og berre dei kjeldene vi sjølv har lese.
  • Alle kjeldene vi refererer til i den løpande teksten må finnast i referanselista, og referanselista må berre innehalda kjelder vi sjølv har lese, og som vi uttrykkeleg viser til i den løpande teksten. [...]
  • Samtidig skal vi ikkje ta med alt vi har lese, berre fordi vi har lese det. APA manualen rår oss til å ta som utgangspunkt at lesaren har grunnleggande kunnskapar i emnet, [...] med mindre det ut frå formålet i teksten blir kravd direkte at emnet skal introduserast frå grunnen av" (Erikson, 2010, s. 46).

Anna

  • Relevans - kva relevans har kjelda.
  • Aktualitet - bruk av eldre kjelder.
  • Primærlitteratur og sekundærlitteratur. 
  • Hugs òg å referera til eigne tidlegare arbeider/oppgåver. 

Referanseliste

Erikson, M. G. (2010). Riktig kildebruk: kunsten å referere og sitere. Gyldendal
        akademisk.

Publisert 25. sep. 2019 13:53 - Sist endret 5. des. 2022 10:04