Kor mykje kan du kopiera?

Gjennom Kopinoravtalen kan studentar og tilsette ta fotokopiar, utskrifter og digitale kopiar frå bøker, tidsskrift mm., og dessutan innhald frå opne internettsider. Det er dei same reglane som gjeld for både enkeltkopier og kompendium.

Dette kan kopierast:

Frå bøker:

  • Til studentar: Inntil 15% av sidetalet per emne per semester. Bokutdrag skal registrerast for klarering i Kopinors digitale system Bolk.
  • Til ansatte: Inntil 15% av sidetalet, likevel eit heilt kapittel eller liknande avsnitt, ein hel novelle eller ei heil scene frå eit skodespel.

Frå vitskaplege tidsskrift:

  • Til studentar: inntil ein artikkel per emne per semester, frå eitt enkelt nummer.
  • Til ansatte: inntil ein artikkel, frå eitt enkelt nummer.

For artiklar tilgjengeleg via databasar gjeld eigne reglar.

Frå aviser, allmenne tidsskrift osb. kan det kopierast utan omfangsavgrensingar. Dette gjeld òg materiale som er lovleg lagt ut på opne internettsider.

Frå notar (enkeltnotar og samlingar av enkeltnotar): Inntil 15%, men maksimum 10 sider frå kvar enkelt publikasjon, endå inntil ein helt sats e.l. for teoriundervisning.

Kopinoravtalen gjeld for intern bruk, og digitale kopiar kan ikkje gjerast tilgjengelege på opne internettsider. Kopiering skal ikkje erstatta kjøp av publikasjonar det elles ville vera naturleg å skaffa

Oppgi kjelde

Publikasjonens tittel og opphavsperson skal oppgivast.

Ønsker du å kopiera meir?

Er det behov for å laga enkeltkopier eller kompendium med større delar av ein publikasjon enn det avtalen med Kopinor dekker, kan ein henvenda seg til trykkeriet på studiestad Halden.

Er det behov for å skaffa bøker som ikkje lenger er i vanleg utsal, kan ein henvenda seg til Skaff.no.

Ønsker du å lage kompendier?

Les meir informasjon om korleis du får laga kompendium på trykkeriets side: Trykking av kompendier.

Kontaktperson i biblioteket vedrørande opphavsrett: Ole Vanem (tlf. 69 60 80 71).

Innhaldet på denne sida er henta frå Kopinors nettside om kopieringsavtalen mellom Kopinor og universitet og høgskolar.

Publisert 10. apr. 2018 15:08 - Sist endret 15. mai 2023 10:49