Går vitskapleg kunnskap på bekostning av praktisk kunnskap?

Publisert: 01.03.2017 19:20 av Nina Skajaa Fredheim

NY DOKTORGRAD. – Arbeidet med å vitskapleggjere innhaldet i grunnskulelærarutdanning og sjukepleiarutdanning går på bekostning av den praktiske, eigenarta, profesjonsrelatert kunnskapen som viser seg i praksis, sier den ferske doktoranden Knut Ove Æsøy.

GrunnskolelarerstudenterKlasseromJustertBHA.jpg

Lærerstudentar ved Høgskulen i Østfold har i to år på rad overtatt skuler i Halden for å trenes i yrket. Foto: HiØ.

I Æsøys doktorgrad kjem det frem at vektlegginga av å forskingsbasere utdanninga synest å samle måten det blir tenkt på mellom dei to profesjonsutdanningane.

– Måten litteraturen for utdanningane grunngjev og organiserer sine påstandar og kva for retning som blir peika ut, kan spegle dei haldningar og spørsmål som nye generasjonar med lærarar og sjukepleiarar vektlegg i sin yrkesutøving, sier Æsøy.

Æsøy meinar det må stilles spørsmål ved er om dette er rette vegen å gå, eller om det kan vere alternative vegar som bør få større plass i utdanningane for å utdanne gode yrkesutøvarar.

Lang erfaring gjev ikkje lenger like stor autoritet

­– Kva for tenking er det som gjer at lang erfaring ikkje lenger synest å gje like stor autoritet i yrkessamanheng som tidlegare? Kvifor må allmennlæraren kjempe for sin realkompetanse? Er vitenskapleggjeringa av profesjonane ein trussel for deira eigenarta yrkesutøving? Kva er oppfatta som hensikta med lærar og sjukepleiaryrket i dag?

Dette stiller Æsøy spørsmålstegn ved i si avhandling som er eit kritisk vitskapsfilosofisk arbeid

– I mitt doktorgradsprosjektet har eg undersøkt måtar det blir tenkt på i grunnleggande litteratur for grunnskulelærar- og sjukepleiarutdanningane. Eg tar for meg kva for røyndoms- og kunnskapssyn som blir overført til studentane som skal forvalte desse viktige samfunnsinstitusjonane, og korleis lærebøker forsøker å tilfredstille krava om å gjere grunnskulelærar og sjukepleiarutdanninga forskingsbasert, sier Æsøy.

Det handlar om fundamentale vegval som blir gjort i dei respektive utdanningane for å gje studentane eit best mogleg grunnlag for å utøve yrket.

Læraryrket skal forbetre elevane si evne til å lære

– I litteraturen for grunnskulelærarutdanninga finn eg eit dominerande tankemønster. Den  overordna hensikta med yrket er å forbetre elevane si evne til å lære, sier Æsøy.

Dette formålet står i samanheng med ei røyndomsfortelling som legg vekt på utvikling frå fortidast enkle, statiske, homogene industrisamfunn, og over til dagens komplekse, dynamiske, fleirkulturelle (heterogene) kunnskapssamfunn.

Det er forventa at vitskapleg arbeid skaper utvikling og kunnskap for at elevane skal forbetre si evne til å lære. Forteljinga er brukt for å forsvare ideen om at læraren til ei kvar tid skal forbetre elevane si evne til å lære og heng saman med ideen om å gjere utdanninga forskingbasert.

I Æsøy sin doktorgradsavhandling kjem det frem at vitskapleg kunnskap er oppfatta som situasjonsbestemt, der kunnskapen er sosial (eller personleg) konstruert. For å konstruere denne typen kunnskap må kvar enkelt lærar bli forskar i eige klasserom.

Samfunnsvitskapleg innsamling av data for å kartlegge og forklare klasserommet synest å få hegemoni for den vitskaplege verksemda. Oppfatninga er at vitskapleg arbeid er det som gjev tilgjengeleg kunnskap som skal skildre (kartlegge) og påvise effektsamanhengar i klasserommet.

Dette er presentert som ei motsetning til erfaringar og den eigenarta kunnskapen læraren viser i praksis.

Erfaringskunnskap er generelt nedsnakk i arbeidet med å vitskapleggjere innhaldet i tekstbøkene, og er mellom anna omtala som svak, privat, rutineprega og subjektiv.

Avhandlinga tek i liten grad opp problem omkring ei slik tenking, men viser kor verdiprega og idealisert vitskapen sin posisjon er i arbeidet med å erkjenne kunnskap for læreryrket.

To ulike tankemønster innan sjukepleiarutdanninga

Æsøy viser at i litteraturen for sjukepleiarutdanninga er der påstandar, argumentasjon og hensikter som tydar på to ulike tankemønster, med to ulike formål. Det eine formålet er opptatt av å resultatstyre sjukepleiepraksisen, medan det andre formålet oppfattar sjukepleia som resultatlaus omsorg.

– Litteraturen for sjukepleiarutdanninga er meir opptatt av mennesket og menneskelege behov enn av samfunnsskildringar, og antyder at samfunnsforholda er negative for individet sitt høve til å ha ei god helse, sier Æsøy.

– Vitskapssynet er dominert av den resultatstyrte tenkinga. Sjukepleiarane skal lese forsking som har komme med konkrete teoriar som er nyttige for å forbetre praksis. Her er det eit hierarki av empiriske metodar som dominerer, sier han.

Æsøy mener at den beste vitskaplege metoden er den som kan påvise effekt av pleie for den einskilde pasient. Vitskaplege resultat er på denne måten med på å standardisere sjukepleiarpraksisen. Det resultatstyrte formålet går saman med ei sterk tru på vitskapen og at pleia skal vere styrt av faste prosedyrar.

I motsetning vektlegg den resultatlause omsorga den allmenne kunnskapen som sjukepleiaren viser gjennom det som faktisk blir gjort i møte med pasientane, og som er utvikla på bakgrunn av den erfaringa sjukepleiaren har. Det kan synest som om tenkinga som vektlegg resultat held på å vinne hegemoni på bekostning av tanken om ei resultatlaus omsorgspleie.

Vidare arbeid i framtida vil handle om å stake ut ein del alternative vegar til det dominerande tankemønsteret. Dette vil mellom anna handle om å gje eit filosofisk forsvar for erfaringskunnskap og utvide forståinga av kva vitskapleg kunnskap er og kva for andre metodar menneske kan nytte for å erkjenne kunnskap. Eit slikt arbeid vil vere viktig for å halde på tilliten og autoriteten til alle profesjonsarbeidarane og deira tause kunnskap.

Førstelektor Knut Ove Æsøy ved Avdeling for lærerutdanning, Høgskolen i Østfold, disputerte fredag 10. februar 2017 ved NTNU i Trondheim.

Avhandlinga har tittelen: Profesjon og vitskap. Ein samanliknande studie av tankemønster i nyare grunnleggande litteratur for grunnskulelærar- og sjukepleiarutdanninga.


Knut_Ove_Asoy.png

Knut Ove Æsøy
Førstelektor ved Avdeling for lærerutdanning

Se faglig profil